Spesialpedagogisk hjelp til barn
Også barn som ikkje har begynt på skulen enda kan få hjelp i for eksempel språklege eller sosiale dugleikar. Dette blir kalla spesialpedagogisk hjelp for barn i barnehagealder.
Tenesteomtale
Målgruppe
Foreldre som er uroleg for utviklinga til barnet sitt eller barnehagen eller helsestasjonen.
Kriterium/vilkår
Somme grunnar til uro kan vere at barnet
- Har seinka språkutvikling
- Har sosiale eller emosjonelle vanskar
- Ikkje utviklar seg motorisk eller kognitivt som forventa
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Lover
Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå
Barnehagelova § 31
Barnehageloven
Forskrift om ansvar for spesialpedagogisk hjelp for barn
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
- involvere og spørje foreldra før dei tek avgjerder som gjeld barnet
- vurdere om barnet treng spesialpedagogisk hjelp
- be PP-tenesta om å gjere ei sakkunnig vurdering dersom foreldra, kommunen eller barnehagen meiner at barnet treng spesialpedagogisk hjelp
- fatte eit enkeltvedtak som seier om barnet skal få spesialpedagogisk hjelp eller ikkje, og kva hjelpa skal vere
- gi barnet spesialpedagogisk hjelp slik det er skildra i enkeltvedtaket
- sørgje for at det blir laga ein skriftleg rapport om den spesialpedagogiske hjelpa og utviklinga til barnet ein gong i året
- krevje at kommunen undersøkjer om barnet deira treng spesialpedagogisk hjelp
- bli involvert og si ja før kommunen ber PP-tenesta om å utgreie barnet
- bli involvert og si ja før kommunen fastset at barnet skal få spesialpedagogisk hjelp
- få ein skriftleg rapport ein gong i året om hjelpa barnet får, og ei vurdering av korleis barnet utviklar seg
- klage dersom barnet ikkje får spesialpedagogisk hjelp
- klage på innhaldet, gjennomføringa eller organiseringa av hjelpa
Saksbehandling
Høve til å klage
Foreldra har rett til å klage, både på avslag og på innhaldet i vedtaket, saksbehandlinga og på manglande oppfylling av enkeltvedtaket. Foreldra skal sende klaga til kommunen. Statsforvaltaren er klageinstans.
Tjenesten oppdatert: 27.02.2025 11:42